H.C.Andersen

HC Andersen våren 2006

Vi sette av 3 veke til prosjektet – veke 16, 17 og 18. Men alt i veka før påske fekk elevane sitt første møte med H.C.Andersen. Då fekk heile skulen besøk av diktaren gjennom ei forestilling av Adele Lærum Duus. Adele arbeider som dramalærar i Fjell kulturskule og er med oss i KOM prosjektet.

Ho har utarbeidd eit dramaprosjekt om H.C.Andersen og det var forestillinga i prosjektet som alle elevane våre fekk oppleve.

Adele seier: » Hvem var egentlig H.C.Andersen? Gjennom teater, miskk, bilder og drama blir vi kjent med mannen bak eventyrene. Tommelise, Prinsessen på erten, Den stygge andungen – H.C.Andersen skapte figurer som vi alle kjenner og er glade i. Men hvem var personen Hans Christian Andersen og hvorfor skrev han som han gjorde?

som 200 – årsjubilant er han fortsatt levende og aktuell fordi eventyrene hans rommer tematikk som angår oss i dag: mobbing, kjærlighet (både av den lykkelige og ulykkelige sorten), hovmodighet, mot og mye mer.»

Dramaprosjektet heldt fram etter forestillinga gjennom ein dramatime i 6. klasse. Adele var òg med som inspirasjon og hjelp og støtte i arbeidet med forestillinga vår.

Arbeidet med vår forestilling starta tidleg i vår ved at lærarane snakka om kva dei kunne tenkje seg å gjera med sin klasse. Deretter arbeidde Helga og Anita eit forslag om program for forestillinga og så var det berre for klassane å laga og øva inn sitt bidrag.

Slik vart programmet:

• Innmarsj til musikk frå CD – gammal dansk song

• Koret / Det gamle tre

• Powerpointpresentasjon av diktaren – v/5. klasse (her er bilete frå presentasjonen)

• Gjennomgangsfigurane presenterer seg (2 svalar – dei bind innslaga saman med små kommentarar)

• Danse, danse dokka mi/sang v/1. klasse

• Den stygge andungen / dokketeater v/2b

• sang om mobbing / ikke slå v/2a

• KlossHans /dramatisering v/4a

• Den lille piken med svovelstikkene / drama v/4b

• Stangdokkedans – v/7a

• Keiserens nye klær v/3. klasse

• Det er heilt sant/ moderne utgaåve av eventyret – v/7b

• Tommelise /dramatisering v/6a og 6b

• Koret / tinnsoldaten og danserinnen