Du store verda!

Skuleprosjektet hausten 2006 har har vi kalla «Du store verda». Vi tenkjer oss prosjektet som ei reise der elevane blir kjende med korleis dei lever og bur her nord og på andre kontinent.

Elevane på 1. trinn dramatiserte ei reise til det gamle Egypt. Frå denne reisa laga dei eit opptrinn til framsyninga.

2. klasse har jobba med Tyskland. Dei har lært ein tysk song, og litt om tyske tradisjonar. Songen dei lærte var om St.Martin som var ein tysk helgen. Den 11. november kvart år går barna i Tyskland i tog til ære for St. Martin. Då ber dei med seg lykter dei har laga sjølv. 2 klasse har også laga lykter, og desse hadde dei med seg på scenen då dei song den tyske songen på forestillinga i gymsalen

3 trinn har hatt samane som tema i prosjektperioden. Vi har lært korleis samane lever og kvar dei bur. Vi har òg lært oss ein samisk song, ”Antesongen”, som vi song på framsyninga.Vi har òg hatt Asia som tema og fokusert på Thailand sin kultur og dans og deira måte å skrive på – så nokre thailandske teikn har vi lært oss, både munnleg og skriftleg.Vi fekk besøk av Thailandske Dow på 9 år som lærte oss ein thailandsk dans som vi fikk framvisa for skulen med foreldre.

4. klasse har arbeidd med at verda vår kan vere urettferdig, spesielt retta mot tilhøva til born i verda. Vi har sett på korleis born generelt har det i dei ulike delane av verda

5A har hatt fokus på fire land som elevar i klassen har røter ifrå, Storbritannia, Irland, Tyskland og Sveits

5b har i hovudsak arbeidd med Det gamle Hellas.Dei laga rollespel om Dei greske filosofane som elevane framførte på Prosjektframsyninga. Rollespelet blei avslutta med ein gresk dans. (Misirilu) Teksten til denne sangen/diktet er skrive av Platon.

6.klasse har prøvd å dokumentera det elevane på skulen har jobba med i desse vekene. I tillegg har vi jobba med andre sider i avisa vår. Under forestillinga var vår oppgåve, i tillegg til å vera med i skulekoret, å presentera og selje avisa til inntekt for SOS barnebyar. Vi selde 120 a kr. 10.

7A har arbeidd med Amerika. Til framsyninga dansa vi «Cowboy – dansen» og song «Deep in the heart of Texas»

Klasse 7B har arbeidd med det amerikanske kontinentet med vekt på Sør – Amerika og Brasil. Vi lærte ein brasiliansk barnesong, og vi skreiv faktasetningar frå tema i gruppene. Dette opptrådte elevane med på framsyninga i gymsalen.