Velkommen til Landro skule

Landro skule ligg på Sotra, i Fjell kommune, omlag 30 min køyring frå Bergen sentrum. Til skulekrinsen høyrer Turøy, Misje, Solsvik, Vindenes, Landro og Angeltveit. Skulen har skuleåret 2018 2019 256 elevar og 45 tilsette.

Visjonen vår er: -tryggleik – læring – glede –


Orienteringsmøte om skulestart 2019/2020

Alle føresette til barn i 1. klasse 2019/2020 velkomne til orienteringsmøte på Landro skule.

Torsdag 21.03.2019 kl. 18:00 i gymsalen

På orienteringsmøtet vil de blant anna få informasjon om:

  • Landro skule og våre satsingsområde
  • Innskrivingsrutinar
  • Lover og føresegner
  • Plikter og rettar
  • Skulefritidsordninga
  • Førskuledag til våren
  • Første skuleår – innhald
  • Foreldresamarbeid
  • Anna praktiske informasjon

Det blir førskuledag fredag 7. juni. Denne dagen får dei møte dei andre borna som dei skal gå i klasse med, kontaktlæraren sin, samt nokre av dei andre vaksne på skulen.

Det er digital innskriving. Før orienteringsmøtet er det viktig at alle fyller ut elektronisk skjema for innskriving grunnskulen 1. trinn. Skjemaet finn du på www.fjell.kommune.no. Bruk søkeord innskriving, så kjem du direkte til skjemaet. Dersom noko er uklart er det berre å ta kontakt med oss!

Invitasjon er også sendt heim til føresette pr. post.

Saman på nett

Måndag 18.02 arrangerte skulen temakveld i samarbeid med FAU og Trygg i Fjell. Det vart ein flott og innhaldsrik kveld med fokus på eit viktig tema. Eirik Bell (FAU-leiar) og Guttorm Helgøy (prosjektleiar Trygg i Fjell) heldt spennande og interessante innlegg. Gjennom kvelden var vi innom ulike tema; forskjellen på når vi foreldre vaks opp og dagens samfunn, kven er produktet når vi opprettar ein konto på sosiale media, kva apper og plattformar som ikkje er å anbefale for born, og ikkje minst korleis vi kan og bør vere saman med barna våre på nett.

I etterkant av innlegga hadde vi gode refleksjonar og drøftingar i grupper. Nokre av problemstillingane som blei drøfta var: Korleis kan sosiale media skape utanforskap? Er det så nøye med aldersgrenser då? Når meiner du at born er modne nok til å opptre på sosiale media?

Temakveld 18. februar klokka 18-20 – «Saman på nett»

SAMAN PÅ NETT

I samarbeid med FAU og Trygg i Fjell inviterer vi til temakveld på Landro skule:

Måndag 18. februar kl. 18:00-20:00 i gymsalen

Program for kvelden

  • «Kor mykje kostar du?» innlegg av Eirik Bell, FAU-leiar
  • «Saman på nett» foredrag leia av Guttorm Helgøy, prosjektleiar for Trygg i Fjell

Barn og unge treng at vi vaksne føljer med, forstår og er saman med dei på nett. Kvifor er det viktig med digital dømmekraft? Kan sosiale media skape utanforskap? Er det så nøye med aldersgrenser då? Denne kvelden vil vi setje fokus på korleis vere saman med dei på nett.

Vel møtt til ein spennande kveld med eit viktig tema!

Helsing 

Lærarane og administrasjon ved Landro skule

FAU ved Landro skule

Trygg i Fjell

Informasjon

Rektor på Skålevik skule går over i annan stilling. Lisbeth Hjelle vert konstituert som rektor på Skålevik skule frå 01.02.19-01.08.19. Anita T. Landro vil få utvida si avdelingsleiarstilling i same periode.

1. klasse – fering av 100 skuledagar

Tysdag 22.01.19 hadde elevane gått 100 skuledagar på Landro skule! Dette måtte vi feire! Elevane fekk invitasjon om at dei som ville kunne kle seg ut.

Dagen starta med stasjonsarbeid med fire grupper fordelt på heile trinnet (1A og 1B). På dei ulike stasjonane skulle dei lage ein legofigur av 100 legoklossar (ein samla figur). Her måtte dei både telje og ha eit godt samarbeid for å blir einige om korleis figuren skulle sjå ut. På ein annan stasjon skulle dei fargelegge briller, forma som eit 100-tal. På tredje stasjon skulle dei skrive kva dei ville kjøpe for 100 kroner. Her var det mange gode forslag, der elevane både skreiv og teikna. Sjokolade og is var det som stod øverst på lista for mange! – men også badeland og Leos lekeland! Den siste gruppa var ei IPAD-gruppe der dei jobba med appen «På sporet». Her skulle dei øve på å lese/skrive ord.

Utover dagen var vi i gymsalen, her hoppa vi 100-hopp, og leika andre kjekke leiker. Dagen vart avslutta med eit stort langbord frå 1A til 1B sitt klasserom. Her åt vi matpakka og deilig kake som foreldre hadde bidratt med! Dagen vart avslutta med eit dikt om kva ein kan gjere/lære på 100 dagar.

Vi har hatt ein kjempekjekk dag, med mykje «lott og løye». Elevane sa at «i dag har vi jo gjort berre kjekke ting». 100 skuledagar er gått, og vi ser fram til 100 skuledagar til!

Helsing 1. klasse lærarane Kari, Anette og Ingvild

Landrodalen

Elevane som bur på Vindenes vart 22.01 invitert ned til anleggsområdet i Landrodalen. Der kunne maskinførarar frå Sartor Maskin fortelje dei kva som er viktig å tenke på når dei til og frå skulen eller på fritida skal ferdast trygt forbi anleggsområdet. Elevane hadde mange gode spørsmål som dei også fekk svar på.

Landrodalen stengd for gjennomkøyring 14.01-29.03.2019

Grunna bygging av ny gravplass og vassleidning vil Landrodalen bli stengd for gjennomkøyring frå og med førstkommande måndag. Alle bussar til og frå skulen vil gå til same klokkeslett, men det kan bli litt forseinkingar grunna omkøyring via Ågotnes.

Det blir lagt til rette for trygg gangvei for gåande og syklande forbi anleggsområdet.

Under er informasjonen som er lagt ut på Skyss.no:

Linje 471: Omkøyring og forseinkingar pga. stengd veg frå 14/1

Frå og med 14. januar vert Landrodalen stengd for gjennomkøyring. Dette gjer at fleire turar på linje 471 får forlenga trasé noko som vil gje forseinkingar på enkelte turar.

Følgjande haldeplasser vert ikkje betjent:

  • Landro kyrkje – alternativ haldeplass Landro skule.
  • Vindenesvegen, Landrovågen – alternativ haldeplass Vindenes kryss.

Prisregulering SFO

Frå 1.jan 2019 ,etter vedtak i kommunestyret 13.12.18, blir det følgjande prisregulering:

Morgonplass – før skuletid:  kr.  990,-
Heil plass:                         kr. 2650,-
Ettermiddagsplass – etter skuletid fram til kl.15.30: kr. 1990

Søskenmoderasjon – barn nr. 2: 25%
Søskenmoderasjon – barn nr. 3: 50%

Ferietilbod haust,vinter og sommar (ingen søskenmoderasjon)
(pris pr.veke): kr. 895,-

 

Siste skuledag før jul og skulestart på nyåret

Fredag 21.12 er siste skuledag før jul. Det blir fellessamling i gymsalen på morgonen før kvar klasse sluttar av på klasserommet. Skulen sluttar klokka 10:40 denne dagen, og det vil gå skulebussar heim direkte etter skuleslutt.

Sfo er open som vanleg siste skuledag, klokka 07:00-16:30.

Første skuledag på nyåret blir torsdag 03.01.

Då vil vi takke for godt samarbeid denne hausten og få ønskje alle våre elevar og føresette ei riktig god julehøgtid!